Vg3 aktivitørfaget (AKT03‑03)
Kjerneelement
Aktivisering og meistring
Kjerneelementet aktivisering og meistring handlar om aktivitetar som fremjar heilskapleg helse og trivsel. Det handlar òg om korleis kroppen er bygd opp og fungerer med utgangspunkt i det friske mennesket. Sentralt er motivering og tilrettelegging for å stimulere brukarar til eigeninnsats. Vidare handlar kjerneelementet om tilrettelegging av varierte aktivitetar for ein aktiv og sunn livsstil som medverkar til meistring og glede for dei ulike brukarane.
Aktivitetsleiing og administrasjon
Kjerneelementet aktivitetsleiing og administrasjon handlar om planlegging av aktivitetar og om samhandling i aktiviseringsprosessen. Vidare handlar det om samspel med brukarar, pårørande og andre aktørar og om å leie aktivitetar for enkeltpersonar og for grupper. Kjerneelementet handlar òg om å forvalte utstyr og økonomi for aktiviseringsarbeidet.
Kvalitetssikring, etikk og teknologi
Kjerneelementet kvalitetssikring, etikk og teknologi handlar om korleis aktivitørane møter menneske frå ulike kulturar i ulike livssituasjonar med toleranse og respekt. Det handlar om kva innverknad sjukdommar har på aktivitetsnivået til den enkelte og på korleis aktivitøren må leggje til rette aktivitetar. Å kartleggje funksjonsnivået til brukarane og observere kva verknad aktivitetane har, står sentralt. Kjerneelementet handlar vidare om universell utforming og om bruk av hjelpemiddel, velferdsteknologi og annan teknologi i yrkesutøvinga. Etiske retningslinjer, lovverk om helse, miljø og sikkerheit og prinsipp for hygiene og smittevern inngår òg.