Vg3 aktivitørfaget (AKT03‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 aktivitørfaget inneber å lytte til og samtale med brukarar. Det inneber òg å kommunisere munnleg med samarbeidspartnarar og å leie ulike grupper. Det vil òg seie å informere brukarar og kollegaer om aktiviseringsprosessar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 aktivitørfaget inneber å formidle meiningar skriftleg og å skrive vurderingar og dokumentasjon av arbeidsprosessar. Det inneber òg å skrive ulike rapportar, søknader og bestillingar, å bruke eit presist fagspråk og å bruke illustrasjonar, skisseteikningar og symbol.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 aktivitørfaget inneber å innhente informasjon om brukarar, å forstå faglitteratur, lovtekstar og plandokument og å finne litteratur som eignar seg til å lese saman med eller for brukarar. Det inneber òg å forstå symbol, illustrasjonar og kroppsspråk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 aktivitørfaget inneber å setje opp enkle budsjett, føre rekneskap, rekne ut vekt, volum og mengd, kalkulere pris og forstå statistikk og diagram.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 aktivitørfaget inneber å kommunisere, formidle og innhente informasjon digitalt til bruk i faglege nettverk og å dokumentere eige arbeid. Det inneber òg å bruke digitale ressursar i aktiviseringsarbeidet. Vidare inneber det å bruke digital dømmekraft, følgje reglar for personvern og vise nettvett.