Anleggsrøyrleggjarfaget (ARL03‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje drift av infrastruktur for vatn og avløp etter teikningar, beskrivingar og preaksepterte løysingar ved å bruke ulike prosjektverktøy, arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og vurdere konsekvensar av avvik frå krava
- velje verktøy og materiale og vurdere kostnader, tidsbruk og miljøomsyn i arbeidet
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, dokumentere eige arbeid og håndtere avvik
- utarbeide framdriftsplaner, bestille og motta materialer og utstyr og kontrollere kvalitet og mengde i tråd med arbeidsoppdraget og med omsyn til miljø og ressursutnytting
- bruke og halde ved like maskiner og utstyr for etablering av vass-, avløps- og overvassanlegg i samsvar med gjeldande kvalitetssikringssystem
- risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og vurdere korleis geologiske forhold påverkar valet av arbeidsprosess
- bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av støy, vibrasjon, støveksponering og farlege kjemikalium for yrkesutøvaren
- sikre og sperre av byggje- og anleggsområde etter gjeldande riggplan og drøfte ulike tiltak som sikrar risikoutsette arbeidsforhold
- følgje krava til arbeidsvarsling og vurdere kva risikofaktorar som kan påverke arbeid i veg
- bygge fundament, sidefyllingar og vernelag i grøfter og kumgroper
- gjere greie for kva krefter som påverkar nedgravne og trykksette røyr, og setje i verk tiltak ved leidningsbrot
- bruke preaksepterte løysingar for ulike typar arbeid i tråd med gjeldande regelverk, kommunale føresegner og monteringsinstruksjonar og vurdere konsekvensane av feilmontering
- fundamentere og komprimere ulike massar ved vass-, avløps- og overvassanlegg
- beskrive og dokumentere kva typar materiale som skal brukast i vass-, avløps- og overvassleidningar, og vurdere konsekvensane av feilbruk
- leggje røyr i ulike massetypar og temperaturar og vurdere korleis materiala blir påverka
- isolere kummar, grunne leidningar og vurdere korleis temperaturar påverkar valet av isolering
- montere og forankre røyr, bend, kummar, anboringar, armatur og pumpestasjoner i samsvar med teikningar og beskrivingar og gjere greie for korleis hydrauliske krefter påverkar røyr, delar og konstruksjonar
- leggje røyr i tråd med gjeldande normer og drøfte korleis kommunale graveinstrukser påverkar arbeidet
- velje samanføyingsmetodar for røyr og delar, hovudleidningar og stikkleidningar og vurdere konsekvensane av feilmontering
- forskale, armere og støype fundament og forankringar til vass-, avløps- og overvassanlegg etter teikningar og beskrivingar
- utføre trykk- og tettleiksprøve på alle typar røyr og vurdere korleis lokalt regelverk påverkar arbeidet
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, behandle forureina massar, uønskte planter og organismar, reflektere over konsekvensane av feilhandtering og iverksette tiltak
- utføre stikking og nivellering ved hjelp av oppmålingsutstyr og dokumentere arbeidet
- drøfte ulike metodar for lekkasjesøk, trasésøk og røyrinspeksjon
- drøfte ulike gravefrie metodar for renovering og leidningsfornying
- reinse, stake, spyle og tine leidningsnett
- bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
- gjere greie for infiltrasjonsanlegg, montere minireinseanlegg etter gjeldande regelverk og lokale føresetnader og drøfte korleis tilstanden til grunnen påverkar arbeidsprosessen
- byggje fundament og komprimere stadlege massar og knuste steinmassar ved attfylling av grøft og vurdere gjenbruk av stedlige massar
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventinger som stilles til et likeverdig og inkluderende yrkesfellesskap
- utføre grunnleggjande førstehjelp
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 anleggsrøyrleggjarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 anleggsrøyrleggjarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.