Anleggsrøyrleggjarfaget (ARL03‑01)
Kjerneelement
Grøfter og røyrlegging
Kjerneelementet grøfter og røyrlegging handlar om å etablere, rehabilitere og halde ved like offentlege og private vass- og avløpsanlegg. Kjerneelementet bidreg til kunnskap om at reint vatn kan fraktast frå råvasskjeldene til mottakarane, og at brukt vatn kan førast bort til reinseanlegg og resipientar. Kjerneelementet gir vidare kompetanse i grunnarbeid, konstruksjonar og røyrlegging i tilknyting til infrastruktur for vatn og avløp i tråd med krav i lover og forskrifter, kommunale føresegner og faglege standardar og normer.
Drikkevatn, avløpsvatn og overvatn
Kjerneelementet drikkevatn, avløpsvatn og overvatn handlar om å byggje infrastruktur for å handtere klimaendringar og miljøproblem, handtere overvatn og vurdere levetida til leidningsnettet. Å etablere infrastruktur for vatn og avløp som minimerer inngrepa i naturen og belastninga på miljøet, er òg ein del av dette kjerneelementet. Vidare handlar det om å utvikle tiltak som førebyggjer forureina drikkevatn og tilfredsstiller krava til sikker levering av reint drikkevatn.
Dokumentasjon, drift, vedlikehald og kvalitetsstyring
Kjerneelementet dokumentasjon, drift, vedlikehald og kvalitetsstyring handlar om å kvalitetssikre og dokumentere utført arbeid etter gjeldande regelverk for helse, miljø, sikkerheit, kvalitetssikringssystem og toleransekrav. Kjerneelementet handlar vidare om å følgje rutinar for kvalitetssikring i samband med vanleg drifts- og vedlikehaldsarbeid. Det handlar òg om å bruke og halde ved like maskiner, utstyr og verktøy i samsvar med gjeldande føresegner om internkontroll og andre krav til utføring av arbeidet.
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og hindre situasjonar som er ein fare for liv og helse, ved legging av røyr som sikrar hygienisk avløpshandtering. Dette kjerneelementet handlar òg om å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre sikker jobb-analyse. Vidare handlar det om å bruke utstyr og maskiner i samsvar med gjeldande regelverk og om å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Kollegialt samarbeid om berekraftige og miljøvennlege løysingar er òg ein del av dette kjerneelementet.