Anleggsrøyrleggjarfaget (ARL03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 anleggsrøyrleggjarfaget handlar om å leggje røyr i grøfter i eit samfunn som stiller krav til reint drikkevatn og til hygienisk og estetisk avløpshandtering. Faget skal gjere lærlingane i stand til å finne løysingar som sikrar framdrifta og økonomien i arbeidet med produksjon og drift av infrastruktur for vatn og avløp. Vg3 anleggsrøyrleggjarfaget handlar vidare om kva betydning vassforsynings- og avløpssystema har for infrastrukturen i samfunnet. Faget bidreg til å utdanne yrkesutøvarar som kan sørgje for godt, trygt og sikkert drikkevatn til innbyggjarane i samfunnet, og for å leie bort spillvatnet og overvatnet i tråd med krava i lover og forskrifter. Vg3 anleggsrøyrleggjarfaget handlar òg om å sikre kvaliteten, levetida, funksjonen og drifta av anlegg for framtida.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 anleggsrøyrleggjarfaget skal bidra til engasjement når lærlingane byggjer opp infrastruktur for vatn og avløp med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at lærlingane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Faget skal vidare bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. I tillegg fremjar faget forståing av kva verdi kulturelt mangfald har i bygg- og anleggsbransjen, gjennom at lærlingane deltek i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.