Anleggsrøyrleggjarfaget (ARL03‑01)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg3 anleggsrøyrleggjarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å bidra til ei utvikling der behovet vi i dag har for reint vatn og bortleiing av avløp, ikkje skal gå ut over behova til framtidige generasjonar. Vidare handlar det om å utnytte restenergi og bruke framtidsretta tekniske løysingar for å redusere vass- og energiforbruket. Berekraftig utvikling handlar òg om å velje energisparande tiltak ut frå miljøomsyn og ta i bruk materiale som gir energieffektive konstruksjonar.