Vg3 bøkkarfaget (BKF03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid
- konstruere og forme ulike materialar etter gitte måldimensjonar, fasongar og ovalar
- vurdere arbeidsmetode, utvikle, lage og tilpasse arbeidsteikningar til bøkkarprodukt
- framstille bøkkarprodukt manuelt som enkeltprodukt og i serie og velje og bruke ulike verktøy og maskiner i framstillinga
- demontere og montere bøkkarprodukt, skifte ut defektar ved reparasjon og velje og bruke eigna material, tettemiddel og overflatebehandling som er tilpassa bruksområdet
- bruke eigna teknikkar, verktøy og metodar til å framstille bøkkarprodukt og gjere greie for korleis presisjon og nøyaktigheit påverkar det ønskte resultatet
- forme metallband, føye saman band og lage og montere historiske treband til bøkkarprodukt
- utforske og gjere greie for korleis treslag, trestruktur og spesifikk kvalitet verkar inn på funksjonen til tradisjonelle bøkkarprodukt og bruke denne kunnskapen i eige arbeid
- utforske tørke- og varmebehandlingsmåtar og bruke denne kunnskapen i eige arbeid og gjere greie for korleis ein bruker dei fysiske, kjemiske eigenskapane i trematerialar i ulike bøkkarprodukt
- gjere greie for korleis gjenbruk av materialar, avfallshandtering og val av materialar kan bidra til ein berekraftig produksjon
- berekne tid og pris på eigne produkt og tenester og vurdere samanhengen mellom materialval, produktivitet og lønnsemd
- utvikle hjelpemiddel og verktøy til å framstille, byggje om, reparere og halde ved like bøkkarprodukt
- utvikle, klargjere og halde ved like aktuelle maskiner og reiskapar og slipe verktøy i samsvar med helse, miljø og sikkerheit
- utforske og bruke faget si historie og eigenart til å formidle og vidareføre tradisjonell bøkkarkunnskap, ta del i utvikling av faget og rettleie kundar
- gjere greie for og bruke gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit i alt arbeid
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 bøkkarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 bøkkarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.