Vg3 bøkkarfaget (BKF03‑02)
Kjerneelement
Handverk og materialar
Kjerneelementet handverk og materialar handlar om bruk av handverktøy og maskiner i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit. Dette kjerneelementet er knytt til vurdering og forståing av at tre er eit levande material som blir påverka av måten ein formar og behandlar det på. Det handlar òg om å ta vare på tradisjonelle metodar og å utvikle nye gjennom kunnskap om eigenskapane til ulike materialar. I ein produksjonsprosess blir trematerialet tilarbeidd både maskinelt og for hand.
Form og funksjon
Kjerneelementet form og funksjon handlar om å forstå samanhengane mellom korleis bøkkarproduktet er utforma, kva funksjon det skal ha, og val av metodar og handverksteknikkar. Vidare handlar det om å utvikle skisser og arbeidsteikningar og å gjere nødvendige vurderingar og utrekningar som gjeld form, volum og funksjon.
Kultur, tradisjon og innovasjon
Kjerneelementet kultur, tradisjon og innovasjon handlar om å forstå samanhengane mellom historie, handverkstradisjonar og ulike bruksområde og å kunne kjenne igjen ulike produkt og den handverksmessige eigenarten deira gjennom tradisjonell produksjon, reparasjon, vedlikehald og utvikling av bøkkarprodukt. Innovasjon omfattar å overføre handverksteknikkar til ein meir moderne produksjon og å ta i bruk nye metodar.