Vg3 bøkkarfaget (BKF03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 bøkkarfaget handlar om å produsere fat, tønner og stavarbeid i tre. Gjennom praktisk arbeid, val og bruk av materialar, verktøy, maskiner og gamle og nye handverksteknikkar utviklar lærlingane handlag og innsikt i skapande arbeidsprosessar og eigenarten til faget. Faget skal førebu yrkesutøvarar til serie- og småskalaproduksjon, reparasjon, vedlikehald og utvikling av tradisjonelle og nye bøkkarprodukt til eit breitt spekter av kundar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 bøkkarfaget skal bidra til utvikling av produkt med utgangspunkt i berekraft, kvalitet, kultur og historie. Lærlingane skal oppleve meistring og finne sin eigen faglege identitet gjennom å utvikle handlag og reflektere over handverksutføringa i arbeid med bøkkarprodukt. Faget vidarefører tradisjonell handverkskunnskap og tek vare på ressursar for framtida. Videre bidreg faget til å skape respekt og forståing for kultur- og naturarv, og på dette grunnlaget kan ein utvikle nye løysingar. Faget skal òg bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om betydninga av trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle faget og eit betre arbeidsliv.