Vg3 bøkkarfaget (BKF03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 bøkkarfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle handlag, gode arbeidsrutinar og evne til problemløysing, og om å utvikle identitet og å ta ansvarlege val i eige liv og i skapande arbeid. Det handlar òg om korleis ein kan gi uttrykk for eigne opplevingar, tankar og meiningar i samarbeid med andre og i arbeidet med oppgåver innanfor bøkkarfaget.
Berekraftig utvikling
I vg3 bøkkarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om kritisk refleksjon rundt det å ta vare på kunnskapen som ligg i det å produsere og halde ved like tradisjonelle bøkkarprodukt som vert brukte i tradisjonell matproduksjon. Vidare handlar det om å produsere og kunne behandle trematerialar på ein berekraftig måte og å reparere og halde dei ved like. Det omfattar å leggje vekt på produksjon av varige produkt der vedlikehald og produksjon er mogleg. Berekraftig utvikling handlar òg om å vere medviten om at avfall frå produksjonen ikkje blir til skade for miljøet og omgivnadene, og om gjenbruk av materialar i nye produkt. I tillegg handlar berekraftig utvikling om at faget er ein del av arbeidet med å sikre natur- og kulturarv i verda.