Vg2 børsemakar (BMF02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter produktutvikling og kvalitetssikring
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utarbeide risikoanalyse i samband med eit konkret arbeidsoppdrag og planleggje tiltak for å redusere risikoen knytt til oppdraget
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
- planleggje og dokumentere prosessane i produksjonen av ein våpendel
- bruke arbeidsteikningar og annan visuell informasjon i utforming og tilpassing av produkt på verkstaden og i kommunikasjon med andre
- teikne, programmere og planleggje produksjon av enkle våpendelar i ei CNC-maskin
- planleggje, dokumentere og sende plomberingsmelding i samband med deaktivering av skytevåpen
- gjennomføre og dokumentere testing av våpen eller ammunisjon
- utforske og nytte ulike arbeidsteknikkar, verktøy og materiale
- vurdere og velje verktøy og materiale ut frå bruksområde, eigenskapane til materiala og miljøomsyn
- vurdere og kvalitetssikre utført arbeid, nytte og følgje gjeldande lov- og regelverk for børsemakarfaget og reflektere over formålet med lover og reglar for utøving av børsemakarfaget på individ- og samfunnsnivå
- gjere greie for dei mekaniske og ballistiske prosessane som skjer når eit skytevåpen blir avfyrt
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget produktutvikling og kvalitetssikring når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget produktutvikling og kvalitetssikring. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i produktutvikling og kvalitetssikring ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i produktutvikling og kvalitetssikring basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.