Vg2 børsemakar (BMF02‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 børsemakar handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle elevar med forståing for samanhengen mellom eit positivt sjølvbilete og trygg omgang med skytevåpen. Temaet skal bidra til forståing av betydninga av å kunne handtere medgang og motgang for å meistre eige liv, og sjå det i samanheng med framtidig yrkesutøving. Temaet handlar òg om å kunne gi uttrykk for eigne tankar, meiningar og idear knytte til forvaltning og bruk av våpen. Vidare handlar det om å sjå samanhengen mellom bruk og regulering av våpen og kva dette har å seie for samfunnstryggleiken.
Berekraftig utvikling
I vg2 børsemakar handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å reflektere over betydninga av å halde ved like og ta vare på eksisterande skytevåpen, i eit økonomisk og miljømessig perspektiv. Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse til å ta miljøbevisste val med omsyn til materiale og handtering av avfall.