Vg2 børsemakar (BMF02‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 børsemakar handlar om å reparere, halde ved like, modifisere og produsere våpen. Gjennom praktisk arbeid og bruk av materiale, verktøy, maskiner og handverksteknikkar utviklar elevane handlag og innsikt i skapande arbeidsprosessar og eigenarten til faget. Programfaga skal førebu elevane til å utføre oppdrag for jegerar, skyttarar og andre sivile brukarar av skytevåpen. Kompetanse i faget skal bidra til at lærlingen dekkjer behovet arbeidslivet har for børsemakarar som tek vare på tradisjonar og utviklar faget i samsvar med samfunnsutviklinga.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 børsemakar skal utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og den felles internasjonale kulturtradisjonen gjennom å utvikle og framstille tradisjonelle og nye børsemakarprodukt. Kritisk tenking blir utvikla gjennom praktisk arbeid der elevane erfarer at kva dei vel av materiale, metodar og handlag, har betydning for kvalitet og miljø. Skaparglede, engasjement og motivasjon blir fremja ved sjølvstendig arbeid og i samarbeid med andre, og når elevane reflekterer over kva innovasjon inneber for yrkesutøvinga i framtida, og kor sentral fagkompetansen deira er for omdømmet til bransjen.