Vg2 brønnteknikk (BRT02‑04)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 brønnteknikk handlar om grunnleggjande innføring i norsk petroleumsverksemd og brønnaktivitetar. Programfaga legg grunnlaget for offshore yrkesutøving innanfor bore- og brønnoperasjonar i olje- og gassverksemda. Gjennom programfaga får elevane forståing for korleis arbeidsoperasjonar bidreg til å verne offshorearbeideren og det ytre miljøet. Det handlar også om nedihulls- og overflateutstyr, og korleis ein nyttar disse under ulike forutsetninger.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 brønnteknikk skal bidra til at elevane utviklar trygge og gode haldningar til helse, miljø og sikkerheit i programfaga. Programfaga skal leggje til rette for at elevane brukar miljøomsyn og sikkerheit i møte med faglege utfordringar. Programfaga skal også gi innsikt i dei krav og reglar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø og ein sikker arbeidsplass.