Vg2 brønnteknikk (BRT02‑04)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 brønnteknikk inneber å kunne beskrive, forklare og dokumentere kva som blir gjort når ein utfører faglege oppgåver. Det inneber å lytte til og gi klar og presis rapportering av arbeidsprosessane, bruke faguttrykk presist, fremje eigne meiningar og reflektere over utført arbeid.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 brønnteknikk inneber å kunne utforme tekstar tilpassa mottakar og føremål, og å kunne bruke fagspråk i planlegginga, analyseringa og rapporteringa av arbeidsoperasjonar. Det inneber videre å kunne bruke både digitale og analoge verktøy til tekst og bilde og bruke desse på ein kritisk og reflektert måte.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 brønnteknikk inneber å kunne finne og vurdere informasjon i tekstar, og og bruke kjelder på ein kritisk og etterprøvbar måte. Det inneber og å forstå regelverk, prosedyrar, fagtekstar og arbeidsforklaringar som blir nytta i faget
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 brønnteknikk inneber å kjenne til relevante måleeiningar, og kunne måle, uttrykkje og rekne med fysiske storleikar. Det inneber å bruke matematiske metodar og ulike hjelpemiddel til å behandle problemstillingar og vise samanhenger i utrekningar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 brønnteknikk inneber å kunne bruke digitale ressursar til utforsking, kommunikasjon, visualisering og presentasjon. Det handlar òg om å kjenne til og bruke passande digitale verktøy til å planleggje, utføre og dokumentere arbeidsoppgåver. Digitale ferdigheiter inneber òg å sammenstille informasjon og å utvikle etisk medvit og utvise digital dømmekraft.