Historie (HIS01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg2
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- reflektere over korleis fortida formar oss som menneske
- utforske fortida ved å stille spørsmål og hente inn, tolke og bruke ulikt historisk materiale for å finne svar
- reflektere over kvifor historikarar deler inn fortida i periodar, og vurdere korleis vi kan periodisere fortida på grunnlag av ulike kriterium
- utforske og reflektere over korleis fortida minnest lokalt og nasjonalt
- gjere greie for viktige endringar i korleis folk har skaffa seg mat og brukt naturressursar, og vurdere kva dette har betydd for menneske og eit berekraftig samfunn
- presentere viktige demografiske endringar og vurdere årsaker til desse endringane og verknader av dei for menneske og samfunn
- gjere greie for korleis handel og økonomiske system har påverka maktforhold og livet til folk
- samanlikne korleis demokratiet i antikken og demokratiet i vår tid har gitt folk ulike moglegheiter til demokratisk deltaking
- utforske korleis kommunikasjon og kulturmøte har hatt betydning for folk i Noreg og verda
- vurdere endringar i fordeling og legitimering av makt frå mellomalderen til og med tidleg nytid
- beskrive kva religionen har betydd for samfunns- og maktforhold frå mellomalderen til og med vår tid, og vurdere rolla han har spelt i korleis menneske oppfattar seg sjølve og ser på andre
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane utviklar og viser kompetanse i historie på vg2 når dei bruker historiefaglege metodar i kombinasjon med kunnskapar om fortida, og når dei stiller spørsmål, gjennomfører undersøkingar og finn svar. Elevane utviklar og viser vidare kompetanse i historiefaget når dei ser samanhengar i fortida og mellom fortid og notid, og når dei reflekterer over korleis konteksten folk levde i, påverka tenkjemåten og handlingsvala.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom munnlege, skriftlege og praktiske måtar å tileigne seg og vise kompetanse i faget på, og gjennom å la elevane få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i historie. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i historie.