Historie (HIS01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål og vurdering vg3 – påbygging til generell studiekompetanse for elevar med samisk første- eller andrespråk eller kvensk eller finsk som andrespråk

  • reflektere over korleis fortida formar oss som menneske, og korleis fortolkingane våre av fortida er prega av notidsforståing og forventningar til framtida
  • drøfte i kva grad utviklinga i ulike periodar har vore prega av brot eller kontinuitet, og vurdere kva som gjer ei hending i fortida betydningsfull
  • reflektere over korleis fortida blir brukt i lokalmiljøet og av ulike aktørar, og drøfte formålet med denne historiebruken
  • utforske fortida ved å formulere problemstillingar, finne, vurdere og bruke ulikt materiale og presentere eigne slutningar
  • gjere greie for viktige endringar i korleis folk har skaffa seg mat og brukt naturressursar, og vurdere kva dette har betydd for folk og eit berekraftig samfunn
  • gjere greie for korleis handel og økonomiske system har påverka maktforhold og liva til folk
  • beskrive samfunnsendringar frå antikken til tidleg nytid og vurdere kva dei har betydd for fordeling og legitimering av makt og for folks moglegheiter til demokratisk deltaking
  • beskrive kva plass religionen har hatt i samfunnet frå mellomalderen til vår tid, og vurdere kva han har betydd for korleis folk har oppfatta seg sjølve og andre
  • gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere kva dei har betydd for utviklinga av det moderne demokratiet
  • reflektere over korleis teknologiske omveltingar frå den industrielle revolusjonen til i dag har endra folks liv og forma forventningar til framtida
  • gjere greie for årsaker til at menneske har migrert, og diskutere kulturmøta sett frå ulike perspektiv
  • gjere greie for årsaker til at kolonimakter la landområde under seg, og vurdere kva konsekvensar dette fekk
  • beskrive bakgrunnen for verdskrigane og eit utval andre sentrale krigar eller konfliktar på 1900-talet og reflektere over om fredsslutningane bidrog til å skape fred og forsoning
  • utforske handlingsrommet og valmoglegheitene til ein person i ein konfliktsituasjon og vurdere konsekvensar av vala personen har gjort
  • reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har bidrege til undertrykking, terror og folkemord som holocaust
  • analysere korleis framstillingar av fortida har blitt brukte i Noreg for å skape nasjonal identitet, og drøfte kva verknader dette har hatt for ulike grupper
  • utforske korleis folk har arbeidd for myndiggjering og frigjering i norsk og samisk historie, og gjere greie for korleis dei samstundes har bidrege til utviklinga av demokratiet
  • gjere greie for velferdsutviklinga i Noreg på 1900-talet og drøfte konsekvensar for folks liv

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering