Historie (HIS01‑03)
Kjerneelement
Historiemedvit
Elevane skal forstå seg sjølve som historieskapte og historieskapande med ei fortid, notid og framtid. Elevane utviklar historiemedvit ved å arbeide utforskande med historie, opparbeide ein kjeldekritisk kompetanse og kunne sjå ulike perspektiv og samanhengar i faget. I tillegg må elevane kunne utvikle historisk empati, samstundes som dei tileignar seg historisk oversikt.
Utforskande historie og kjeldekritisk medvit
Elevane skal kunne undre seg over, reflektere over og vurdere korleis kunnskap om fortida blir til. Dei skal kunne uttrykkje nysgjerrigheita si og vere aktivt kunnskapssøkjande og -skapande ved sjølve å gjennomføre undersøkingar og forme forteljingar. Elevane skal kunne innhente, tolke og bruke historisk materiale som kjelder i eigne historieframstillingar. Kjeldekritisk medvit dreier seg om å kunne avgjere kva det historiske materialet kan brukast til, og i kva grad det kan kaste lys over dei spørsmåla vi stiller. Elevane skal forstå at mangelfulle kjelder kan gi mangelfulle kunnskapar.
Historisk empati, samanhengar og perspektiv
Elevane skal kunne vurdere samanhengar mellom handlingar, hendingar og fenomen i fortida og forstå at ulike ståstader påverkar korleis fortida blir forstått og framstilt. Dei skal kunne vurdere moglege årsaks- og verknadsforhold i fortida og kvifor system og fenomen forandrar seg eller er stabile. Elevane skal kunne forstå folks utfordringar og handlingar i fortida. Samstundes skal dei òg forstå at den historiske utviklinga ikkje var førebestemt, men eit resultat av val og prioriteringar folk gjorde.
Menneske og samfunn i fortid, notid og framtid
Elevane skal opparbeide seg innsikt i og oversikt over viktig historisk innhald og viktige tema og periodar i norsk og internasjonal historie gjennom arbeid med store spørsmål. Dei skal kunne sjå samanheng i historia og at utviklingstrekk grip inn i kvarandre. Elevane skal kunne sjå kva fortida betyr for dei sjølve i notid og framtid. Korleis har folk skaffa seg mat og livsgrunnlag og skapt og fordelt rikdom og ressursar? Korleis har folk organisert seg i samfunn? Korleis har folk kommunisert og møtt andre folk? Korleis har folk både skapt, levd med og løyst konfliktar, men òg greidd å leve fredeleg?