Vg3 helsesekretær (HSE03‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter helse og sjukdom

  • vurdere allmenntilstanden til pasientar, observere teikn og symptom på svikt i vitale funksjonar og bidra til at det blir sett i verk nødvendige tiltak
  • reflektere over samanhengen mellom levevanar og livsstilsjukdommar og gjere greie for korleis kosthald og fysisk aktivitet kan førebyggje helseplager og sjukdommar
  • gjere greie for dei vanlegaste akutte og kroniske sjukdommane og infeksjonane
  • gjere greie for dei vanlegaste plagene og komplikasjonane i svangerskapet
  • gjere greie for korleis aldring verkar inn på helsa til menneske
  • reflektere over korleis smerte påverkar helsa til menneske
  • utføre førstehjelp og varsle etter gjeldande retningslinjer
  • utføre smittevern, hygienetiltak og andre førebyggjande tiltak i samband med epidemiar og pandemiar
  • reflektere over omgrepet triage og vurdere kor raskt pasientar skal behandlast

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering