Vg3 helsesekretær (HSE03‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kommunikasjon og samhandling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- yte service til og kommunisere og samhandle med pasientar og pårørande i ulike livssituasjonar på ein sikker og tillitvekkjande måte
- observere, vurdere, dokumentere og rapportere om tilstanden til pasientar
- rettleie pasientar og pårørande om helse- og omsorgstenestene
- rettleie pasientar og pårørande om digitale helseplattformer og -applikasjonar
- hjelpe pasientar og brukarar i krisesituasjonar og rettleie om bruk av hjelpeapparat
- gjere greie for samanhengen mellom rus, avhengigheit og psykisk helse og informere om tilboda i det psykiske helsevernet og rusomsorga
- rettleie om verknader og biverknader av dei mest brukte legemidla og samarbeide med anna helsepersonell om å setje i verk tiltak ved alvorlege biverknader
- bruke medisinsk fagterminologi og helsefaglige uttrykk og kommunisere og samhandle med kollegaer og anna helsepersonell
- bruke ulike metodar og teknikkar for å handtere stress og konfliktar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i kommunikasjon og samhandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kommunikasjon og samhandling. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kommunikasjon og samhandling ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kommunikasjon og samhandling basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.