Vg3 helsesekretær (HSE03‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 helsesekretær handlar om å utvikle yrkesutøvarar som kan dekkje det behovet samfunnet har for kompetanse innanfor logistikk og ressurskoordinering, pasientadministrative system, pasientforløp og pasientsikkerheit i helsetenestene. Programfaga skal bidra til å utvikle yrkesutøvarar som kan arbeide sjølvstendig med administrative oppgåver, og utføre assistanse-, laboratorie- og skiftestovearbeid. Programfaga handlar om å yte service og medverke til prioritering av helsehjelp. Vidare skal programfaga bidra til å utvikle yrkesutøvarar som har evner og vilje til å tenkje nytt, er løysingsorienterte og kan utføre arbeidet i tråd med gjeldande regelverk.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 helsesekretær skal bidra til kunnskap om eit mangfaldig arbeidsliv og fremje forståing og respekt for likeverd og likestilling. Programfaga skal bidra til å utvikle yrkesutøvarar som har sosial kompetanse og behandlar kundar, pasientar og pårørande med respekt og empati. Vidare skal programfaga medverke til å utvikle yrkesutøvarar som har god dømmekraft og viser profesjonelt helsefagleg skjønn.