Vg3 helsesekretær (HSE03‑03)
Kjerneelement
Sjukdom og legemiddel
Kjerneelementet sjukdom og legemiddel handlar om sjukdommar, symptom på sjukdommar og behandlingsformer. Det handlar òg om kva verknader og biverknader legemiddel har. Vidare handlar det om å observere pasientar, rapportere til og samarbeide med anna helsepersonell og bidra til at det blir sett i verk tiltak ut frå tilstanden til pasientane. Å vurdere hastegraden for medisinsk hjelp inngår òg.
Assistanse og administrasjon
Kjerneelementet assistanse og administrasjon handlar om å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere administrative oppgåver. Vidare handlar det om klinisk assistanse og laboratorie-, skade- og skiftestovearbeid. Det handlar òg om å medverke til heilskaplege og trygge pasientforløp. Vidare handlar det om regelverk, digitale ressursar og medisinsk-teknisk utstyr og verktøy som er viktige for helsesekretæren.
Pasientkontakt
Kjerneelementet pasientkontakt handlar om å yte service og kommunisere og samhandle med pasientar, pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper. Vidare handlar det om å gi råd og rettleiing til menneske i ulike livssituasjonar. Det handlar òg om å førebyggje sjukdom og helseplager i samarbeid med anna helsepersonell og om å rettleie pasientar. Dessutan inngår det å informere om hjelpemiddel og om helse- og omsorgstenester.