Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter yrkesliv i helse og oppvekstfag
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for korleis helse- og oppvekstsektoren er organiserte, og reflektere over eige yrkesval
- vise korleis brukarmedverknad kan gjennomførast i helse- og oppvekstsektoren
- beskrive kva krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar, og reflektere over eigen praksis
- gjere greie for gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
- vurdere korleis hjelpemiddel, velferdsteknologi og annan teknologi kan brukast i yrkesutøvinga
- drøfte korleis endringar i samfunnet kan påverke yrkesutøvinga og peike på moglegheiter og utfordringar desse endringane kan gji
- forklare og gi døme på kva etiske dilemma i yrkesutøvinga er og korleis slike dilemma kan handterast
- gjere greie for kvifor det er viktig med tverrfagleg samarbeid, og gi døme på yrkesgrupper som er med i eit slikt samarbeid
- gjere greie for sentralt regelverk som regulerer arbeidet i helse- og oppvekstsektoren, og allmenne spelereglar som gjeld i arbeidslivet
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid
- gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i yrkesliv i helse- og oppvekstfag når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekker fleire eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i yrkesliv i helse- og oppvekstfag. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga til å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i yrkesliv i helse- og oppvekstfag ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i yrkesliv i helse- og oppvekstfag basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.