Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne kommunisere forståeleg med kollegaer og med menneske frå ulike kulturar og i ulike livssituasjonar. Det inneber òg å tilpasse språket sitt til mottakar, innhald og formål og å lytte til og vise respekt for den ein snakkar med. Vidare inneber det å kunne bruke relevante faguttrykk og uttrykkje eigne observasjonar på ein systematisk måte.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne ytre seg forståeleg om helse- og oppvekstrelaterte tema. Det handlar òg om å bruke eit presist fagspråk og tilpasse tekstar til ulike formål, mottakarar og medium. Vidare handlar det om å planleggje og dokumentere faglege aktivitetar og om å bruke og kombinere ulike uttrykksformer som tekst, bilete og symbol på ein formålstenleg måte.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne tileigne seg ny kunnskap og innsikt. Vidare inneber det å finne fram til relevant informasjon, forstå faguttrykk og vurdere innhaldet i tekstar ut frå fagkunnskap og å forstå det ein leser i faglitteratur, statistikk, lovtekstar og planar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne resonnere, bruke rekneverktøy og gjere økonomiske berekningar, vidare å hente informasjon frå tabellar, statistikk og diagram. Det inneber òg å bruke ulike rekneartar og måleiningar i arbeidet med helse, ernæring og kosthald.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg1 helse- og oppvekstfag inneber å kunne bruke digitale ressursar på ein formålstenleg og forsvarleg måte. Det vil seie å vere kreativ i bruken av digitale ressursar i kommunikasjon og samhandling med andre og vidare kunne vurdere informasjon frå digitale kjelder kritisk, bruke nettvett og utvikle digital dømmekraft.