Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 helse- og oppvekstfag skal bidra til at samfunnet har tilstrekkeleg kompetanse i helse- og oppvekstsektoren. Programfaga skal bidra til at aktivitetar som fremjar meistring, utvikling og helse, blir tekne i bruk i yrkesutøvinga. Programfaga skal vidare bidra til å utvikle praktiske ferdigheiter, evne og vilje til kontinuerleg kvalitetsforbetring og medvit om profesjonelt arbeid og service. Programfaga skal gi grunnlag for helsefremjande arbeid med menneske i ulike livssituasjonar i eit samfunn i endring.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 helse- og oppvekstfag skal bidra til ein inkluderande fellesskap der yrkesutøvinga byggjer på empati og omsorg, respekt for at menneske er ulike, og at konfliktar kan løysast på fredeleg vis. Vidare skal programfaga bidra til å utvikle sosial kompetanse og til respekt for menneske, kulturar og tradisjonar. Å utvikle engasjement, god dømmekraft og profesjonelt fagleg skjønn hos elevane er ein sentral del av faget. Vg1 helse- og oppvekstfag skal bidra til kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.