Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01‑03)
Kjerneelement
Helse og livsstil
Kjerneelementet helse og livsstil handlar om å fremje fysisk og psykisk helse. Det inneber å vite korleis ein som yrkesutøvar kan bidra til å fremje ein aktiv og sunn livsstil. I det inngår verdien av eit sunt kosthald og fysisk aktivitet og av å førebyggje livsstilssjukdommar og hindre smitte. Kjerneelementet handlar vidare om korleis kroppen er bygd opp og fungerer, med utgangspunkt i det friske mennesket. Ergonomi, førstehjelp og systematisk observasjon inngår også i kjerneelementet.
Omsorg, relasjonar og tverrfagleg samarbeid
Kjerneelementet omsorg, relasjonar og tverrfagleg samarbeid handlar om å vise omsorg og om å kommunisere og samhandle med menneske i ulike aldrar og livssituasjonar og med ulik kulturell bakgrunn. Brukarmedverknad og service står sentralt. Vidare handlar det om å reflektere over kva eiga åtferd har å seie i møte med andre menneske. Det handlar også om kunnskap om korleis helse- og oppvekstsektoren er bygd opp, og om verdien av tverrfagleg samarbeid.
Etikk og teknologi
Kjerneelementet etikk og teknologi handlar om å møte menneske i ulike livssituasjonar med toleranse og respekt. Det handlar òg om å ta i bruk hjelpemiddel, velferdsteknologi og annan teknologi, og om å følgje etiske retningslinjer i yrkesutøvinga. Det handlar vidare om profesjonell yrkesutøving og om relevant lov- og regelverk.