Vg3 industriell matproduksjon (IMP03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere produksjon av mat- og drikkevarer frå råvare til ferdigvare
  • gjennomføre mottakskontroll og lagerrullering og vurdere samanhengen mellom vareflyt, svinn og ressursutnytting
  • sikre trygg matproduksjon gjennom å praktisere god personleg hygiene, produksjonshygiene og næringsmiddelhygiene, i samsvar med rutinane og regelverket til verksemda, og gjere greie for konsekvensar av avvik
  • forstå og arbeide i tråd med kvalitetssystem og reflektere over kor viktig dette arbeidet er for verksemda, kundar og samarbeidspartnarar
  • anvende råvarer og hjelpe- og tilsetjingsstoff og forklare korleis produktsamansetning og produksjonsprosessar påverkar kvalitet, næringsinnhald og haldbarheit
  • tolke og følgje flytskjema og forklare kva som skjer i produksjonsprosessen, identifisere kontrollpunkt og forklare kva som kan vere kritisk
  • klargjere, drifte, overvake og omstille maskiner og utstyr og forklare korleis dette påverkar effektivitet
  • bruke verktøy, maskiner og utstyr på ein kvalifisert måte, utføre førebyggjande dagleg vedlikehald og operatørvedlikehald, rapportere feil og gjere greie for konsekvensar ved avvik
  • identifisere og rette driftsforstyrringar, registrere og gjere greie for bruken av driftsdata
  • gjere greie for og produsere etter ein produksjonsplan og spesifikasjonar og drøfte korleis dette kan bidra til å etterleve kundekrav
  • anvende emballerings- og lagringsmetodar og gjere greie for korleis dette påverkar kvalitet og ressursutnytting
  • reflektere over korleis ønskte og uønskte mikroorganismar kan påverke råvarer, halvfabrikata og ferdigvarer, og gjere greie for tiltak for å styre førekomsten
  • gjere greie for og følgje rutinar for skadedyrnedkjemping i verksemda
  • gjennomføre berekningar og enkle kalkulasjonar og drøfte faktorar som påverkar dei økonomiske resultata til verksemda
  • samarbeide med støttefunksjonar i verksemda for å sikre effektiv drift, og gjere greie for kva faktorar som påverkar produktiviteten
  • gjere greie for og handtere avfall i verksemda og reflektere over korleis avfall og utslepp påverkar miljøet
  • følgje krav og rutinar for merking og sporing og reflektere over konsekvensar ved avvik
  • drøfte etiske dilemma ved produksjon og omsetning av mat- og drikkevarer og gjere medvitne og berekraftige val
  • utvikle fagidentitet gjennom å bruke faguttrykk og tileigne seg kunnskap, og kommunisere presist og forståeleg i samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • utvikle faglege ferdigheiter, arbeide effektivt og reflektere over tiltak som kan bidra til innovasjon og forbetringsarbeid i verksemda
  • følgje rutinar og reglar for helse, miljø og sikkerheit, bruke verneutstyr, jobbe ergonomisk riktig, utføre førstehjelp og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • gjere greie for rammevilkår, lover og forskrifter og forklare kva rolle tilsynsmyndigheitene har overfor verksemda
  • reflektere over korleis samhandling i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap kan fremje likeverd og likestilling
  • beskrive måla og historia til verksemda og reflektere over korleis dette påverkar dagleg drift
  • gjere greie for organiseringa av verksemda, rettane og pliktene til arbeidstakaren og arbeidsgivaren, korleis partane i arbeidslivet samarbeider, og korleis dette bidreg til å utvikle eit betre arbeidsliv

Undervegsvurdering