Vg3 industriell matproduksjon (IMP03‑02)
Kjerneelement
Teknologi, mat og prosess
Kjerneelementet teknologi, mat og prosess handlar om samspelet mellom samansetninga og eigenskapane til råvarene, produksjonsmetodar og teknologi i ein industrialisert prosess. Vidare handlar det om klargjering, drifting, omstilling og avslutning av produksjonsprosessar, kvalitetskontroll, vedlikehald og forbetringsarbeid. Kjerneelementet handlar òg om vurdering og bruk av råvarer, halvfabrikata og ferdigvarer som inngår i produksjonsprosessen.
Kvalitet og trygg mat
Kjerneelementet kvalitet og trygg mat handlar om personleg hygiene, produksjonshygiene og næringsmiddelhygiene. Det handlar vidare om trygg produksjon og omsetning av mat- og drikkevarer ved å følgje kvalitetssystema i verksemda. Kvalitet og trygg mat handlar òg om lover og forskrifter som regulerer produksjon og omsetning av mat og drikke.
Berekraftig produksjon
Kjerneelementet berekraftig produksjon handlar om arbeidsflyt gjennom planlegging, samarbeid og kommunikasjon for å redusere svinn og gi auka lønnsemd. Vidare handlar kjerneelementet om best mogleg ressursutnytting og om korleis bransjen påverkar miljøet gjennom val av råvarer og emballasje. Dessutan handlar berekraftig produksjon om avfallshandtering, resirkulering og førebygging av utslepp til miljøet.
Arbeidsliv og yrkesidentitet
Kjerneelementet arbeidsliv og yrkesidentitet handlar om kunnskap om pliktene og rettane i arbeidslivet og betydninga av trepartssamarbeidet. Vidare handlar kjerneelementet om å skape eit psykososialt og fysisk arbeidsmiljø som fremjar helse, miljø og sikkerheit. Kjerneelementet handlar òg om sosial kompetanse og samarbeidsevne, kritisk tenking og respekt for meiningsforskjellar og forståing for korleis dette påverkar arbeidsmiljø og produktivitet. Arbeidsliv og yrkesidentitet handlar dessutan om måla og historia til verksemda og om kva tilhøyrsel ho har i eit yrkesfellesskap som fremjar utvikling, likeverd og likestilling.