Vg3 industriell matproduksjon (IMP03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 industriell matproduksjon handlar om industriell framstilling av mat- og drikkevarer frå råvare til ferdigvare. Faget handlar vidare om overvaking og styring av maskiner og utstyr, operatørvedlikehald og forbetringsarbeid. Vg3 industriell matproduksjon skal bidra til trygg matproduksjon ved å overhalde krav til hygiene, kvalitetskontroll og merking og sporing. Faget skal òg bidra til å utvikle sjølvstendige, samarbeidande og omstillingsdyktige fagarbeidarar i eit arbeidsliv i endring.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 industriell matproduksjon skal bidra til innsikt i produksjon og omsetning av mat- og drikkevarer tilpassa ønska og behova til kundane. Gjennom kritisk tenking, medverknad, etisk refleksjon og arbeidsoppgåver utviklar lærlingane innsikt i samanhengen mellom ressursbruken i dag og behovet for å ta vare på og utnytte ressursane for framtidige generasjonar. Vg3 industriell matproduksjon skal òg bidra til forståing av medråderett og medansvar på arbeidsplassen.