Vg3 industriell matproduksjon (IMP03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 industriell matproduksjon handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å reflektere over samanhengen mellom kosthald og folkehelse. Vidare handlar det om å utvikle ein yrkesidentitet som bidreg til eit positivt sjølvbilete gjennom meistring og deltaking i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 industriell matproduksjon handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om respekt for ulike religionar, kulturar og mat- og drikketradisjonar. Det handlar vidare om plikter og rettar i trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og lovgivande myndigheit jobbar saman om å utvikle eit betre arbeidsliv. Demokrati og medborgarskap handlar òg om å motverke arbeidslivskriminalitet, diskriminering og forskjellsbehandling.
Berekraftig utvikling
I vg3 industriell matproduksjon handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om ei verd i endring som treng eit meir tilpassa forbruk av mat og drikke. Gjennom kunnskap om råvaretilgang og ressursutnytting, teknologiutvikling, avfallshandtering, gjenbruk og resirkulering skal lærlingen forstå korleis miljøet blir påverka lokalt og globalt.