Vg3 industritapetserarfaget (ITA03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- vurdere og velje råvarer og produksjonsmetodar med omsyn til kvalitetskrav og miljøbelastning
- gjere greie for korleis ein kan nytte ressursane i bedrifta optimalt og lønnsamt
- velje og bruke verneutstyr og gjennomføre arbeidet i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
- vurdere behovet for og utføre enkelt vedlikehald og service på maskiner og utstyr
- vurdere og velje materiale med omsyn til kvalitet, estetikk, miljø, levetid og ombruk
- utvikle og bruke malar og arbeidsbeskrivingar
- utarbeide ein produksjonsplan i tråd med krav til produksjonsflyt
- berekne, utarbeide og bruke materiallister i samsvar med produksjonsordrar
- utføre tilskjering, samanføying, trekking og montering etter spesifikasjonar for eit produkt
- utarbeide ein kalkyle for eit produkt og vurdere lønnsemd knytt til produktet
- gjere greie for val knytt til produksjon, vurdere produktforbetringar og foreslå endringar knytt til produksjonen
- vurdere, velje og nytte teknikkar, maskiner og utstyr i tråd med produksjonsordrar og planar
- klargjere og emballere produkt for transport
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 industritapetserarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 industritapetserarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.