Vg3 industritapetserarfaget (ITA03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 industritapetserarfaget inneber å kunne lytte og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å kunne drøfte kvalitetskrav, produksjonsprosessar og faglege løysingar og å kunne fremje eigne meiningar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 industritapetserarfaget inneber å kunne utarbeide dokumentasjon og rapportar for utvikling og planlegging av produksjonsprosessar tilpassa mottakaren og formålet. Det inneber òg å kunne dokumentere hendingar og leggje fram forbetringsforslag og å kunne nytte kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 industritapetserarfaget inneber å forstå og kunne bruke arbeidsteikningar, arbeidsinstruksjonar, feilmeldingar, bruksrettleiingar og datablad. Det inneber òg å forstå faguttrykk og faglege beskrivingar og å kunne nytte kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 industritapetserarfaget inneber å kunne hente ut, beskrive og tolke informasjon frå talmateriale og å kunne kalkulere produkt og setje mål på arbeidsteikningar. Det inneber vidare å kunne utarbeide malar, stille inn maskiner og gjennomføre målingar og registreringar i samsvar med teikningar, skjema og standardar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 industritapetserarfaget inneber å kunne bruke digitale ressursar til å søkje etter, kommunisere og hente inn informasjon knytt til produksjon og dokumentasjon av arbeidsoppgåver. Det inneber òg etisk refleksjon og å vise digital dømmekraft.