Vg3 industritapetserarfaget (ITA03‑02)
Kjerneelement
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om regelverk og rutinar for helse, miljø og sikkerheit. Vidare handlar det om korleis ein bruker riktig verneutstyr og rapporterer avvik. Det handlar òg om kva påverknad materiale har på miljø og klima, og om kunnskap om riktig handtering av avfall.
Produksjon og dokumentasjon
Kjerneelementet produksjon og dokumentasjon handlar om å planleggje og dokumentere prosessen med dei mjuke delane av møblar heile vegen frå idé til ferdig produkt. Det handlar òg om å velje materiale og forstå spesifikasjonar og instruksjonar, produksjon og dokumentasjon. Vidare handlar det om vareflyt, emballering og logistikk.
Teknologi og materiale
Kjerneelementet teknologi og materiale handlar om kunnskap og ferdigheiter innanfor arbeid med ulike materiale. Vidare handlar det om val av materiale knytt til komfort, kvalitet og estetikk. Kjerneelementet handlar òg om å nytte ulike reiskapar og verktøy i produksjonen og om automatisert produksjon. Det handlar òg om å drifte og halde ved like maskiner for industriell møbelproduksjon.