Vg3 industritapetserarfaget (ITA03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 industritapetserarfaget handlar om industriell produksjon av dei mjuke delane av møblar. Faget skal medverke til å utvikle ei heilskapleg forståing av produksjonsprosessar og produkt. Det omfattar å utvikle yrkesutøvarar som kan vere med på å produsere, transportere, resirkulere og bruke materiale på ein berekraftig måte. Vidare skal faget medverke til å styrkje konkurransekrafta og innovasjonsevna til bedrifta i ein marknad der komfort, kvalitet og utsjånad er avgjerande.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 industritapetserarfaget skal bidra til å fremje respekt for menneske, miljø, maskiner og utstyr og leggje til rette for praktiske og varierte arbeidsoppgåver. Gjennom kritisk tenking og medverknad skal lærlingane utvikle forståing av samanhengen mellom ressursbruken i dag og behovet for å ta vare på ressursane for framtida.