Kunst og handverk (KHV01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 2. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke handverksteknikkar og handverktøy i utforming av tre, leire og tekstil på ein miljømedviten og trygg måte
- undersøkje eigenskapar ved materiale og dele sanseerfaringar
- utforske ulike visuelle uttrykk og byggje vidare på ideane til andre i eige skapande arbeid
- eksperimentere med form, farge, rytme og kontrast
- studere form gjennom å teikne, male og fotografere
- skape forteljingar ved hjelp av digitale verktøy etter inspirasjon frå lokale og nasjonale kunstverk
- førestille seg og beskrive framtida gjennom teikning og modellar
- planleggje og konstruere i naturmateriale etter inspirasjon frå samisk og lokal byggeskikk
- vise fram og presentere objekt gjennom utstilling eller samling
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kunst og handverk på 1. og 2. trinn når dei bruker hender og verktøy til å forme i forskjellige materiale, fortel gjennom digitale og visuelle medium og samtalar om opplevingar av kunst, gjenstandar og bygningar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom at elevane får varierte sanseerfaringar, bidra i praktisk utforsking og dele idear og opplevingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i kunst og handverk. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i å fortelje gjennom bilete, forme i materiale og delta med eigne meiningar i skapande prosessar.