Kunst og handverk (KHV01‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I kunst og handverk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane utviklar evne til skapande tankeprosessar og praktisk problemløysing. Elevane opparbeider praktiske ferdigheiter og evne til å stille spørsmål, møte utfordringar i kvardagen og sjå moglegheiter i ukjende situasjonar. Elevane får verktøy til å utforske meiningar, idear og kjensler og til å uttrykkje seg gjennom ulike format og arenaer. Arbeid med visuell og materiell kultur bidreg til å styrkje sjølvbiletet og identitetsutviklinga til elevane, gir forståing av mangfald og skaper meining i tilveret.
Demokrati og medborgarskap
I kunst og handverk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane blir utfordra til å reflektere kritisk over kunst, design og materiell og immateriell kultur og til å gi uttrykk for eigne opplevingar, tankar og meiningar. Gjennom møte med kunst og kultur og arbeid med visuelle ytringar kan elevane utvikle evne til å tolke, medverke i og endre samfunnet dei lever i.
Berekraftig utvikling
I kunst og handverk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane gjennom praktisk skapande arbeid utviklar evne til å sjå forbetringar i produkt og til å utforske meir berekraftige levesett for framtida. Kritisk undersøking av forbrukskultur og erfaring med bruk og gjenbruk av materiale kan gi elevane grunnlag for å gjere etiske val. I arbeid med teknologi, materiale og produktutvikling kan elevane styrkje medvitet sitt om kva innverknad naturen har på menneske, og korleis levesettet til mennesket påverkar naturen og klimaet.