Kunst og handverk (KHV01‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i kunst og handverk er å kunne setje ord på og reflektere over estetiske opplevingar og skapande prosessar. Det inneber å bruke fagomgrep i dialog, samtalar og munnlege presentasjonar. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i kunst og handverk går frå å kunne fortelje om eigne observasjonar og opplevingar til å kunne beskrive visuelle verkemiddel, handverk og kunst- og kulturhistoriske referansar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i kunst og handverk er å kommunisere visuelt gjennom teikn og symbol. Det inneber òg å kunne skrive tekstar for å synleggjere idear, val og meiningar under det praktiske arbeidet. Vidare omfattar det å kunne kombinere tekst og bilete i arbeid med layout og andre visuelle uttrykk. Utviklinga av å kunne skrive i kunst og handverk går frå å kunne setje saman tekst, teikn og symbol til å kunne auke lesbarheit, tilpasse tekst til føremålet og gjere kreative samanstillingar av visuelle verkemiddel.
Å kunne lese
Å kunne lese i kunst og handverk er å tolke, forstå og vurdere visuelle og materielle omgivnader. Å kunne lese tekniske teikningar og tilvisingar er sentralt i praktisk problemløysing og for å kunne vurdere form, funksjonalitet og haldbarheit. Utviklinga av å kunne lese i kunst og handverk går frå å kjenne att og avkode til å reflektere kritisk over visuelle verkemiddel og kulturelle referansar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i kunst og handverk er å bruke matematiske framgangsmåtar i praktisk skapande arbeid. Det inneber å ta nøyaktige mål, å berekne målestokk, volum og proporsjonar og å utforske konstruksjonen av mønster, form og rom. Utviklinga av å kunne rekne i kunst og handverk går frå å kunne følgje ein gitt framgangsmåte til å kunne bruke matematiske framgangsmåtar som verktøy i eiga problemløysing.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i kunst og handverk inneber å kunne bruke digitale verktøy og medium til inspirasjon, utprøving, dokumentasjon og presentasjon. Det inneber òg å bruke digitale verktøy og programmering i kreative og skapande prosessar. Kjennskap til reglar om opphavsrett og personvern når ein bruker eigne eller andre sine bilete, filmar og skapande arbeid, er vesentleg på alle trinn. Utviklinga av digitale ferdigheiter i kunst og handverk går frå å bruke enkle, digitale verktøy og medium til å forme eigne digitale produkt som skaper opplevingar og kommuniserer kjensler, idear og meiningar.