Kunst og handverk (KHV01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 7. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke ulike handverktøy og elektriske verktøy for å arbeide vidare med og samanføye harde, plastiske og mjuke materiale på ein trygg og miljømedviten måte
- undersøkje materiala i ulike gjenstandar og vurdere funksjon, haldbarheit og moglegheiter for reparasjon og gjenbruk
- byggje og eksperimentere med stabile konstruksjonar
- bruke ulike strategiar for idéutvikling og problemløysing
- bruke digitale verktøy til å planleggje og presentere prosessar og produkt
- teikne form, flate og rom ved hjelp av verkemiddel som kontrastar, skugge, proporsjonar og perspektiv
- utforske og reflektere over korleis kjensler og meiningar blir viste i kunst og bruke symbolikk og farge til å uttrykkje kjensler og meiningar i eigne arbeid
- analysere visuelle verkemiddel i ulike medium og belyse eit aktuelt tema gjennom foto eller infografikk
- beskrive mangfaldet i klestradisjonar eller gjenstandar, inkludert samiske, og lage eit produkt med inspirasjon frå kulturarv
- undersøkje korleis kjønnsroller blir viste i kulturelle uttrykk før og no, og lage visuelle uttrykk som utfordrar stereotypiar
- bruke programmering til å skape interaktivitet og visuelle uttrykk
- designe og lage ei utstilling som viser fram prosess og produkt
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kunst og handverk på 5., 6. og 7. trinn når dei bruker ulike kreative strategiar for å skape visuelle uttrykk og funksjonelle løysingar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei reflekterer over visuelle verkemiddel, kulturelle referansar, handverkskvalitet og miljøbelasting.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver i verkstadene og ved at elevane får komme med forslag til endringar i forbruk og visuelle omgivnader. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i kunst og handverk. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare, når det gjeld både prosess og produkt. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i kreative prosessar, miljømedvite forbruk, handverk, visuell kommunikasjon og vurdering.