Røyrleggjarfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (RLF05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit og bransjelære
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- anvende sikkerheitsdatablad og følgje instruksar ved bruk av kjemikaliar (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, reflektere over konsekvensane av feilhandtering og iverksette tiltak (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
- reflektere over fordeler og ulemper ved ulike entrepriseformer (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
- gjere greie for korleis varme arbeider kan forårsake brann, iverksette sikkerhetstiltak og hindre brann (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
- planleggje installering av røyrleidningar etter teikningar og beskrivingar ved å bruke ulike prosjektverktøy, arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
- utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta materiale og utstyr og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
- risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse, rapportere om uønskte hendingar og iverksette tiltak
- velje og bruke materiale, verktøy og maskiner til ulike formål og reflektere over konsekvensane for kvalitet, funksjonalitet, miljø og ressursbruk
- utføre grunnleggjande førstehjelp
- følgje regelverket for arbeid i høgda og vurdere bruk av sikringsutstyr
- velje og bruke ulike produkt og drøfte korleis vala bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
- vurdere ulike preaksepterte løysingar og byggje røyranlegg i samsvar med den valde løysinga
- utføre trykkprøve og tettleiksprøve, vurdere korleis trykkprøvingsmetode påvirker sikkerheiten og setje i gang aktuelle røyrinstallasjonar etter gjeldande prosedyrar
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, dokumentere eige arbeid og handtere avvik
- beskrive kva type branntetting som eignar seg for røyrleidningar gjennom brannskilje, og setje i verk tiltak
- bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp, reflektere over konsekvensane av kroppsbelastning, støy og støveksponering og sette iverk tiltak
- bruke arbeids-, verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
- montere og bruke arbeidsplattformer opp til 5 meter og gjennomføre risikotiltak ved arbeid i høgda (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen helse, miljø og sikkerheit og bransjelære når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen helse, miljø og sikkerheit og bransjelære. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i helse, mljø og sikkerheti og bransjelære . Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.