Røyrleggjarfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (RLF05‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 røyrleggjarfaget handlar om å installere røyrleidningar med tilhøyrande komponentar og utstyr i nye og eksisterande bygg. Faget skal gjere lærlingane i stand til å velje energisparande og helse- og miljøfremjande røyrtekniske løysingar og halde ved like, modernisere og bevare røyrtekniske anlegg. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar som kan installere berekraftig infrastruktur for vatn, avløp og ventilasjon som er energisparande, fremjar vasskadetryggleik og bevarer det estetiske uttrykket.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 røyrleggjarfaget skal bidra til engasjement når lærlingane installerer sanitær-, varme- og kjøleanlegg med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at lærlingane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Faget skal vidare bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. I tillegg fremjar faget forståing av kva verdi kulturelt mangfald har i bygg- og anleggsbransjen, gjennom at lærlingane deltek i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.