Røyrleggjarfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (RLF05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter sanitæranlegg
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- prosjektere komplette innvendige sanitæranlegg ved å bruke bransjerelaterte manuelle og digitale teikneverktøy
- byggje og trykkprøve skjulte og opne sanitæranlegg og reflektere over kva ulike sanitæranlegg har å seie for vasskadesikkerheita (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
- dimensjonere røyr for spillvatn, overvatn og vatn, leggje røyr, montere sanitærutstyr og dokumentere arbeidet
- bøye og føye saman røyr av ulike materiale og velje eigna samanføyingsmetode og verktøy etter eigenskapane til materialet
- utføre enkel isolering av røyranlegg, vurdere faktorar som bidrar til energisparing og velge eigna isolering
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen sanitæranlegg når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen sanitæranlegg. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i sanitæranlegg. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.