Røyrleggjarfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (RLF05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vassborne energianlegg
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- bøye og føye saman røyr av ulike materiale og velje eigna samanføyingsmetode og verktøy etter eigenskapane til materialet
- utforske korleis automatikk og styring fungerer på varmeanlegg (Henta frå læreplan i vg2 røyrleggjar)
- utføre enkel isolering av røyranlegg, vurdere faktorar som bidrar til energisparing og velge eigna isolering
- vurdere ulike energikjelder for vassborne anlegg og prosjektere og montere ein enkel vassboren energiinstallasjon
- utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen vassborne energianlegg når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen vassborne energianlegg. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i Vassborne energianlegg. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.