Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter produksjon og tenester

  • bruke materiale, teknikkar og utstyr i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
  • bruke ergonomisk riktige teknikkar og reflektere over samanhengen mellom folkehelse, effektivitet og samfunnsøkonomi
  • forklare og anvende eigna handverktøy, måleverktøy og maskiner for behandling av materiale innanfor produksjon og tolke måleresultat etter arbeidsteikningar
  • planleggje, gjennomføre og dokumentere eit praktisk arbeid innanfor produksjon og vedlikehald av maskiner og utstyr i samsvar med aktuelle standardar og prosedyrar
  • demontere og montere maskinelement i relevante arbeidsoppgåver
  • beskrive arbeidsoppgåver innanfor produksjon og tenester basert på teikningsunderlag og prosedyrar
  • beskrive dei spesifikke eigenskapane til ulike materiale og gjere greie for korleis dei kan påverke det ytre miljøet
  • forklare korleis kjemiske sambindingar og eigenskapar verkar inn på bruk, gjenbruk og trygg oppbevaring av råstoff og materiale
  • gjennomføre og gjere greie for termiske, kjemiske og mekaniske samanføyingsmetodar
  • anvende sikkerheitsdatablad og andre typar kjemikaliedokumentasjon og utføre risikoanalyse for kjemikaliar som blir brukte på arbeidsplassen
  • tolke informasjon ved hjelp av digitale hjelpemiddel og relevante tabellar for å utføre arbeidsoppgåver innanfor produksjon og tenesteyting
  • beskrive arbeidsgangen i ei praktisk arbeidsoppgåve frå idé til sluttprodukt
  • beskrive betydninga av berekraftig utvikling av produkt og tenester

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering