Vg1 teknologi- og industrifag (TIP01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter produktivitet og kvalitetsstyring
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjennomføre og dokumentere arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
- beskrive risikovurderingar og sikker-jobb-analyse og kjenne til nødvendige rapporteringskrav som er relevante for arbeidsoppgåver
- anvende og gjere greie for bruk av aktuelle handverktøy og diagnoseutstyr ved service, utbetring og reparasjonar på maskiner og utstyr, og tolke måleresultat
- bruke metodar og teknikkar for overflatebehandling av ulike materiale
- anvende og gjere greie for behandling av relevante materiale
- berekne kostnader ved arbeidsoppgåver og utarbeide forslag til effektiviseringstiltak
- beskrive og reflektere over logistikken frå innkjøp til attvinning av eit produkt
- kommunisere og formidle bodskapar tilpassa ulike målgrupper
- gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i produktivitet og kvalitetsstyring når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i produktivitet og kvalitetsstyring. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i produktivitet og kvalitetsstyring ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i produktivitet og kvalitetsstyring basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.