Vg1 teknologi- og industrifag (TIP01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 teknologi- og industrifag handlar om praktisk arbeid med ulike materiale, verktøy, teknikkar og maskiner for å produsere varer og tenester. Programfaga handlar om å kommunisere og samhandle i verkstaden og andre læringsarenaer og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit i arbeidet. Vidare inneber programfaga å ta vare på det ytre miljøet gjennom å leggje vekt på berekraft og teknologisk utvikling. Programfaga skal bidra til å utvikle sjølvstendige og omstillingsdyktige fagarbeidarar med grunnleggjande forståing av kjemi, materiale, elektro, mekanikk, programmering, robotisering, automatisering og transport i tråd med behova i samfunnet og arbeidslivet.
Alle faga skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 teknologi- og industrifag skal bidra til at elevane får kjennskap til ulike former for deltaking og medverknad i avgjerdsprosessar. Programfaga skal bidra til å utvikle den sosiale og faglege kompetansen til elevane gjennom samarbeid, skaparglede og kritisk tenking i eit likeverdig og inkluderande fellesskap. Vg1 teknologi- og industrifag skal bidra til å gi kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.