Tømrarfaget (TMF03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje byggprosjekt etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar, standarar og toleransekrav og vurdere arbeidet ut frå framdrift, berekraft og lønnsemd og konsekvensar av avvik fra toleransekrava
- utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta materiale og utstyr og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
- risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, dokumentere eige arbeid og handtere avvik
- måle og utarbeide målsette skisser for å produsere konstruksjonsdelar i samsvar med teikningar, skjema og standardar
- arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og gjeldande regelverk, varsle avvik og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, og reflektere over konsekvensane av feilhandtering
- byggje opptil ni meter høgt stillas etter monteringsrettleiing, følgje regelverk for arbeid i høgda og vurdere bruk av sikringsutstyr
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av støy, vibrasjonar, støveksponering og bruk av kjemiske komponentar
- bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
- setje ut, sikre og kontrollere høgder og mål ved bruk av ulikt måleutstyr og gjere greie for mellombelse avstivingar under byggjeprosessen
- utføre mottakskontroll, lagre materiale og festemiddel i samsvar med produktdokumentasjon og lage ein riggplan
- velje og bruke trevirke og byggjevareprodukt og vurdere konsekvensane av varmegjennomgang, fukttransport og styrkeeigenskapar
- byggje og montere veggkonstruksjonar og vurdere korleis fukt og temperaturendringar påverkar klimakonstruksjonen
- byggje og montere takkonstruksjonar og himlingar og vurdere korleis krefter påverkar konstruksjonen
- byggje og montere bjelkelag, etasjeskiljarar og himlingar og vurdere korleis laster påverkar konstruksjonen
- gjere greie for prinsippa for brann og lyd og byggje brannhemmande og lyddempande konstruksjonar
- byggje, montere og kontrollere element og modular av tre og samansette materiale
- feste trekonstruksjonar mot betong, mur, stål og samansette materiale
- montere vindauge og dører og tette, isolere og liste etter ei monteringsrettleiing og vurdere korleis krefter påvirker bygningsdelen
- montere ulike typar innvendig og utvendig kledning og listverk og vurdere kvaliteten på materiala
- leggje golv av tre og samansette materiale, montere listverk og vurdere korleis fukt i materiala påverkar resultatet
- vurdere overføringa av krefter i arbeidet med å rehabilitere eksisterande konstruksjonar
- rehabilitere trekonstruksjonar og skifte ut skadde bygningsdelar i eksisterande bygg
- rehabilitere bygningar og drøfte korleis tradisjonelle byggjemetodar tek vare på eigenarten til faget og kulturtradisjonane
- bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
- vurdere og bruke ulike byggtekniske løysingar og gjere greie for konsekvensane for inneklima og universell utforming
- byggje og montere konstruksjonar for brukarar i ulike livssituasjonar og reflektere over korleis tilgjengelegheit bidreg til folkehelse i eit livslangt perspektiv
- utføre grunnleggjande førstehjelp
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 tømrarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga til lærlingane i vg3 tømrarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.