Tømrarfaget (TMF03‑02)
Kjerneelement
Konstruksjonar
Kjerneelementet konstruksjonar handlar om korleis ein byggjer trekonstruksjonar og konstruksjonar i samansette materiale, stål og lettmetall med utgangspunkt i produksjonsunderlaget, og om korleis laster og krefter verkar inn på konstruksjonane, og korleis dei held på styrke og stabilitet. Dette kjerneelementet handlar òg om å utforme brannhemmande og lyddempande konstruksjonar, og å forankre, feste inn og montere ulike materiale i bygningar og konstruksjonar. Vidare handlar det om å vurdere, sortere og omarbeide og lagre trevirke og byggjevareprodukt og kvalitetssikre produksjonen.
Bygningsfysikk
Kjerneelementet bygningsfysikk handlar om å komplettere nye og rehabilitere eksisterande trekonstruksjonar, gjennom samhandling med andre fagområde og med omsyn til produksjonsunderlaget. Vidare handlar det om å måle og dokumentere varme-, luft- og fukttransport i ein bygning, og om termografering og trykktesting av bygningar og konstruksjonar. Kompetanse om eigenskapane til trevirket og byggjevareproduktet er òg ein del av dette kjerneelementet.
Rehabilitering, ombygging og tilbygg
Kjerneelementet rehabilitering, ombygging og tilbygg handlar om å utbetre eksisterande bygningsdelar med nye materiale og løysingar på grunnlag av produksjonsunderlag. Det handlar òg om å tilpasse og føye saman trevirke og samansette materiale med eldre materiale og konstruksjonar. Å endre trekonstruksjonar og samansette konstruksjonar til nye funksjonsområde i samsvar med gjeldande regelverk er òg ein del av dette kjerneelementet.
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og hindre situasjonar som er ein fare for liv og helse ved bygging av bygg for næring, oppvekst, omsorg og bustader. Dette kjerneelementet handlar òg om å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre sikker jobbanalyse. Følge toleransekrav i prosjekter er og endel av kjerneelementet. Vidare handlar det om å bruke utstyr og maskiner i samsvar med gjeldande regelverk og om å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Kollegialt samarbeid om berekraftige og miljøvennlege løysingar er òg ein del av dette kjerneelementet.