Tømrarfaget (TMF03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 tømrarfaget handlar om å byggje nye trebygningar og byggje om eksisterande bygningar. Faget skal gjere lærlingane i stand til å byggje trekonstruksjonar og konstruksjonar i samansette materiale, stål og lettmetall. Faget handlar òg om å byggje klimaskal. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar som kan produsere nye konstruksjonar, halde bygningar ved like og vidareføre kulturtradisjonen i faget.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 tømrarfaget skal bidra til skaparglede og engasjement når lærlingane byggjer, held ved like og rehabiliterer bygningar med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at lærlingane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Faget skal vidare bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. I tillegg fremjar faget forståing av kva verdi kulturelt mangfald har i bygg- og anleggsbransjen, gjennom at lærlingane deltek i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.