Tømrarfaget (TMF03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 tømrarfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å byggje, halde ved like og rehabilitere bygningar og konstruksjonar med tanke på å oppnå eit helsefremjande innemiljø. Det handlar òg om å leggje til rette for å følgje ulike krav til tilgjengelegheit som fremjar folkehelse i eit livslangt perspektiv.
Berekraftig utvikling
I vg3 tømrarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å velje energieffektive konstruksjonar og løysingar og velje materiale ut frå miljøomsyn. Vidare handlar det om berekraft gjennom avfallshandtering og gjenbruk. Det handlar òg om å utvikle medvitet rundt dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane knytte til berekraftig utvikling gjennom kritisk vurdering av produkt, materiale og konstruksjonar.