Utdanningsval (UTV01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- beskrive eigne styrker, eigenskapar og interesser og kunne sjå dette i samanheng med utdannings- og yrkesønske og livsmeistring
- samle, analysere og bruke informasjon om utdanning og arbeid
- utforske utdanningsmoglegheiter på varierte måtar, og gjere greie for ulike utdanningsvegar og kva yrkesområde dei kan føre til
- tileigne seg kunnskap om arbeidslivet gjennom utprøving og utforsking og reflektere over korleis berekraftsmål, konjunkturar og teknologi påverkar arbeidsmarknad, yrke og arbeidsmåtar
- diskutere konsekvensar av utanforskap og forstå økonomisk og sosial verdi av arbeid på individ- og samfunnsnivå
- gjere greie for kva og kven som kan påverke karriereval og kva dette har å seie for eigne val
- utforske og drøfte kjønnsrelaterte perspektiv i eit karriereval
- sjå moglegheiter og omsette eigne idear til handling og val, og reflektere saman med andre over konsekvensar av karriereval
- utvikle og bruke meistringsstrategiar for å handtere overgangar og utfordringar relaterte til utdanning og karriere
- tolke stillingsannonsar, skrive CV og jobbsøknad og tileigne seg kunnskap om korleis ein gjer eit godt jobbintervju
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i utdanningsval når dei reflekterer over eiga utvikling og karrierelæring, og viser dømmekraft i drøfting av etiske dilemma. Elevane viser òg kompetanse i utdanningsval ved å gjere greie for moglegheiter i utdanning og arbeid og bruker kunnskapen til å drøfte eigne planar for vidare karriere. Elevane utviklar kompetanse i utdanningsval når dei i aukande grad bruker ulike strategiar og fagomgrep for å uttrykkje fagkompetansen sin, individuelt og i samhandling med andre.
Læraren skal leggje til rette for undervisningsforløp som opnar for læring der kompetansen til eleven kan komme til syne på ulike måtar. Gjennom eit variert sett av læringssituasjonar og gjennom dialog med lærar skal den enkelte eleven bli medviten om eiga meistring. Elevane skal få læringsfremjande tilbakemeldingar som motiverer og rettleier dei til å arbeide vidare med temaa eigen utvikling, utdanningssystem og arbeidsliv.